Gode resultat for Nordmøre spel- og dansarlag på Fylkeskappleiken 2006

Sist helg gjekk fylkeskappleiken for Møre og Romsdal av stabelen i Ålesund. Det var Ålesund spelemannslag og UL Ivar Aasen som sto som arrangør i samarbeid med Møre og Romsdal Folkemusikklag.

Frå Nordmøre spel- og dansarlag var det påmeldt deltakarar i tre av tevlingsklassane.

Runhild Heggem frå Gjemnes deltok i klassa for solospel på fele/hardingfele for juniorar med slåttane Skottenes hjemve, ein vals etter Hallvard Ørsal og Gilleråsen, ein slått nedteikna i heimkommunen hennar. Ho overtydde både dommarane og publikum i salen med spelet sitt, og vann klassa si klårt.

I klassa for pardans for vaksne var Kirsty McKinnon og Rune Hanem frå Tingvoll blant favorittane etter at dei vann denne klassa på fylkeskappleiken i fjor. Dei hadde med seg Helge Husby som spelemann også i år, og med ein feiande flott Polsdans frå Nordmøre tok dei like godt heim førsteplassen i år òg.

Til sist var laget påmeldt i klassa for lagspel for fele med komp. Ni spelemenn frå fem Nordmørskommunar spelte ein masurka etter Sivert Hatlen frå Eide og ein rinlender etter sunndalingen Gottfred von Eppingen. Det var stor deltaking i denne klassa, heile ni ulike spelemannslag frå heile fylket stilte opp. Til trass for svært hard konkurranse fekk Nordmøre spel- og dansarlag si beste plassering på fleire år med ein hederleg femteplass. Klassa vart vunne av Spelemannslaget Dåm og Drag frå Vestnes.


Webdesign: Fosna kulturverkstad

www.fosnakultur.no