HOVEDSIDE STYRET AKTIVITETAR PRESSE KONTAKT


 

Ekstraordinært årsmøte i Nordmøre spelmannslag 2018

Det vart halde ekstraordinært årsmøte i Nordmøre spelmannslag søndag 13. mai 2018, kl. 18.00 på «Stornaustet», Halsa (Halsa gamle skule). Dette galdt valg av styreleiar, som ikkje var ferdig under årsmøtet tidlegare. Rolf Kristian Holte vart valgt som styreleiar for 2018.

 


Musikalsk leiar Hilde Bergfald

Hilde Bergfald har vore musikalsk leiar frå hausten 2013. Hilde er ein habil felespelar og har erfaring med musikalsk leiing frå m.a. BUL Nidaros. På biletet til høgre er Hilde i samspel med Peder Hønsvik på Åkerfallet 2013. Som vi ser, var det fint vêr den dagen. Begge med solbriller!


Nordmøre spelmannslag på Åkerfallet 16. juni 2013

Nordmøre spelmannslag heldt konsert på Åkerfallet i Tingvoll i år. Laget stilte med eit mangfaldig program, der Alexey Kourbanov, Gro Kjelleberg Solli og Kine Iselilja Gyldenskog var med.


 

Fylkeskappleiken i Ålesund - 20. april 2013

Kine Iselilja Gyldenskog frå Nordmøre spelmannslag gjekk til topps i vokal klasse med 115 poeng! Raulandsstudenten frå Tingvoll debuterte på denne fylkeskappleiken.
Ein annan kjent musiker frå Nordmøre spelmannslag, Alexey Kurbanov, stilte i open klasse, der han fekk andreplass, med 105 poeng. Det var også hans første gong på fylkeskappleik. Nordmøre spelmannslag kom denne gongen på ein femteplass, med 111 poeng. Seks lag deltok. Trass ei noko låg plassering, tykte vi at vi spelte godt denne gongen.

 


Nordmøre spelmannslag med jubileums-CD!

Nordmøre spelmannslag var 80 år 27. februar 2012, og er truleg blant dei aller eldste spelmannslaga som er aktive. Laget har spelt inn CD som var lansert under Fylkeskappleiken i Surnadal. CD-en har ca. 60 min. musikk fordelt på 24 melodiar, frå dansemusikk til salmetonar. Plata er såleis tenkt for folk flest - ikkje berre for folkemusikkinteresserte. CD-en er til salgs hos medlemmane i spelmannslaget, i butikkar og på nettbutikk.

Innhaldet på CD-plata - klikk for å høyre lydklipp:

Vals etter Erik Husby 

Rindalsreinlender

Gammel-Halsin

Gammal visetone

Geilhaugvalsen

Dullerutten

Haltvikskotsk

Guds sønn har gjort meg fri

Fra verden du mig til himmelen fører

Mollvals etter Nils Husby

Gravemsreinlender

Masurka etter Holger Aresvik

Hoppvals ette na mor

Bruramarsj frå Straumsneset

Skottenes hjemve

Lappekongens polka

Grølileikjen

Haltvikvals

Berven

Reinlender etter Ola Brekkan

Vals etter Knut Haugnesa

Bruramarsj frå Tingvoll

Bansull etter Gjertine Lindås

Sulla lulla lite ban

 

Ta kontakt med Nordmøre spelmannslag for å kjøpe CD!

 

Stor takk til sponsorane våre!

Desse gode kreftene har støtta Nordmøre spelmannslag i samband med CD-utgjeving og 80-årsmarkering i 2012:

Kommunar    

Bedrifter

Kulturorganisasjonar

Andre



Nordmøre spelmannslag si LP-plate frå 1983 er digitalisert!

CD-utgåva av den gamle LP-plata frå 1983 er i salg.

Ta kontakt med Nordmøre spelmannslag for å kjøpe CD!

 

 

 


 


Jubileumskonsert i Surnadal kulturhus 21.04.2012

Foto frå jubileumskonserten i Surnadal kulturhus - Frå venstre: Nordmøre spelmannslag, Brechans spelar Dullerutten, Nordmøre spelmannslag og Gro Kjelleberg Solli.

 


Nordmøre spelmannslag har ei historie som strekkjer seg attover til mellomkrigsåra.
Det opprinnelege Nordmøre spelmannslag vart danna 27. februar 1932 i Kristiansund,
etter initiativ frå Sigurd Øverås. Laget fyller dermed 80 år i år. 
Les meir ...

Sjå foto av laget frå 1932 ved å dra musepekar over fotoet til venstre.

Du kan melde deg som medlem i organisasjonen. Kontingenten er kr. 300,-,
som også inkluderer medlemsskap iLandslaget for spelemenn og Møre og Romsdal folkemusikklag.
Du får også Folkemusikkbladet for Møre og Romsdal.
Meld deg som medlem her!

Nordmøre spelmannslag består av enkeltutøvarar og ulike grupper, i tillegg til samspel med heile laget. 
Spelmannslaget øver på Halsa, men har somme øvingar rundt i heimkommunane til dei som er med.

Sjå øvingsplanen her!

Dersom du ønskjer å delta som aktiv utøvar i spelmannslaget, ta kontakt med musikalsk leiar Helge Husby.

 


Hjelp til felestemming!

Her kan du få hjelp til å stemme fela - pass på at lyden er på (høgtalarsymbolet nede til høgre), internt i PC-en, eller på eksterne høgtalarar.  

E-strengen

A-strengen

D-strengen

G-strengen