EIN 80-ÅRING I FULL VIGØR!
Nordmøre spelmannslag 1932-2012

Av Helge Husby

 

Det er 80 år sia Nordmøre spelmannslag vart danna, og det fortener ei feiring. For vi har etter kvart forstått at det er ein respektabel alder for eit spelmannslag.

Slik som med så mykje anna her på Nordmøre, måtte det ein innflyttar til for å skape noko nytt – nemleg romsdalingen Sigurd Øverås. Øverås var rette mannen. Han spelte fele sjølv, var sløydlærar og felebyggjar. Han kjente godt til slåttemusikken på Nordmøre. Han var ei tid møbelsnekkar i Todalen, og da vart han kjent med fleire av spelmennene på Nordmøre, mellom dei todalingen Hallvard Ørsal. Sigurd Øverås slo seg seinare ned på Dale i Bremsnes, no Kristiansund.

Sigurd Øverås hadde tidleg sysla med tanken om å danne eit spelmannslag for Nordmøre. Men sidan vi nordmøringar er meir trønderar enn vestlendingar, hadde mange av spelmennene svært lite tru at slikt kunne gå an. Dei var skeptiske til opptre på framande stader, slik at andre fekk tak i slåttane. Vi som har vore med i miljøet nokre år, kjenner litt att tankegangen...

Stifta i folkemusikkhovedstaden Kristiansund

I romjula 1931 tok Sigurd Øverås mot til seg og kalla sammen til stiftingsmøte på Bondeheimen i Kristiansund laurdag 27. februar kl. 16.00. I folkemusikkhovedstaden Kristiansund møtte dei fleste av dei kjente spelmennene på Nordmøre, men Hallvard Ørsal og Nils Bakke var ikkje med. Det var ikkje uvanleg at desse store spelmennene ikkje var med i lag, t.d. var Hilmar Alexandersen på Egge i Steinkjer ikkje med i Inntrøndelag spelmannslag. Det var nok ikkje motvilje, men heller at dei var «solistar» og meir komfortable med sitt eige utvikla spel.

Nordmøre Spelemannslag, som dei skreiv seg, vart danna, og desse vart med i det første styret: Sigurd Øverås, formann, Ola Kallset, kasserar, Olaf Waage, skrivar. John Futsæther vart varamann. Agitasjonsmenn (flott ord!) vart: Erik Almhjell, Ivar R. Eide, Holger Aresvik og Jon I. Holten. På stiftingsmøtet var i tillegg desse: Ingrid Eide, Gunnar Kallset, Lars Østbø, Kristian Jensen, Reidar Øverås og Ole Løseth. Ingrid Eide var einaste kvinna i dette mannsdominerte laget. Tida har endra seg.

Konsertturné i 1932

Dei øvde inn eit konsertprogram som dei drog på turné til Sunndal, Stangvik og Surnadal med. Første konserten var i Hovshallen i Sunndal ein laurdagskveld, og korleis konserten gjekk, er best gjengjeve med Sigurd Øverås sine egne ord:

«Eg trur det var fullt hus da eg ynskte vel møtt. Eg har vel, som fødd romsdaling, aldri vore så stolt av nordmøringane som da dei elleve felespelarane stod på scenen og let dei klåre og einfelde nordmørstonane syngja utover rommet. Og sanneleg synte sunndalingane at dei lika dette. Det vart seint på kvelden før dei siste feletonane tagna».

Konsertturnéen fortsette til Stangvik på søndag og til folkehøgskulen i Surnadal om søndagskvelden.

Spelte i kringkastinga i 1933

Laget søkte etter dette om å få sleppe til i radioen, og denne sendinga gjekk frå folkehøgskulen i Surnadal søndag 15. januar 1933. Kringkastinga tykte at berre felespel vart for tynt og ville ha ei lang og variert sending når dei først drog ut. Derfor vart det, i tillegg til felespel, prolog og song ved kyrkjesongar og lærar Peder Hals frå Straumsneset, og song ved koret «Tordenskjold» frå Surnadal. Men ikkje nok med dette. Ola Dønheim heldt foredraget «Hesteal i gammal tid», og Peder Alsvik heldt foredrag om fiske og fiskebåtar på nordmørskysten. Eit overmåte allsidig kulturelt program frå Nordmøre!

Det er lite å finne om den vidare aktiviteten til Nordmøre spelmannslag, protokollane frå den tida er ikkje i arkivet til laget. Da krigen braut ut hadde spelmennene nok å tenkje på, og den tyske okkupasjonsmakta hadde ikkje vidare positivt syn på samkomme med spel og dans! Folkemusikkhovedstaden Kristiansund var i dårleg forfatning etter krigen, og folkemusikkmiljøet i byen kom ikkje til å ta seg oppatt etter krigsåra.

Ny aktivitet på 1960-talet

Sigurd Øverås var primus motor for å få i gang att verksemda i laget, og den 18. desember 1965 vart det bestemt å ta oppatt aktiviteten. Det foreløpige styret hadde Øverås som leiar. På årsmøtet 16. april 1966 vart Erling Torske frå Sunndal ny formann fram til Alf Strøm, også frå Sunndal, tok over. Leiv Lægreid vart formann frå 1972. Denne tida var ikkje «musikalsk leiar» nemnd i protokollane, men John Røen vart ei drivkraft frå han kom heim til Surnadal i 1971, både musikalsk og administrativt. Tyngdepunkta for laget var Sunndal og Surnadal, og seinare Aure. I Sunndal var Erling Torske og Leiv Lægreid svært aktive i leiinga. Oddvar Solem frå Settemsdalen må òg nemnast som ei eldsjel for Nordmøre spelmannslag gjennom mange år. Han døydde dessverre brått, berre 45 år gammel. Ola Aarsund vart den som ved sida av John Røen vart drivkrafta i laget i 1980-90-åra. John Røen døydde dessverre i 1999, berre 63 år gammel. Ola Aarsund leia laget fram til Helge Husby tok over som musikalsk leiar frå januar 2001. Magnar Almberg frå Rindalen har sitte ved det administrative roret dei siste åra.

Skrivemåten av lagsnamnet har vore noko ulik gjennom åra, men skrivemåten Nordmøre spelmannslag vart stadfesta etter revidering av vedtektene 15. mars i 2009.

Nordmøre spelmannslag i dag – CD og fylkeskappleik

Nordmøre spelmannslag har i dag rundt 20 utøvande medlemmar frå kommunane Aure, Tingvoll, Rindal, Surnadal, Trondheim/Sunndal, Gjemnes og Kristiansund og har faste øvingar på Halsa skule.
I samband med 80-årsjubileet har Nordmøre spelmannslag spelt inn CD-plate, der både slåttemusikk og folkemelodiar av meir sakral karakter er festa til mediet. Denne plata blir lansert under Fylkeskappleiken i Surnadal 21. – 22. april i år.
Om laurdagskvelden 21. april held Nordmøre spelmannslag jubileumskonsert i Surnadal kulturhus. Laget har òg planer om å reise ut med programmet, slik spelmennene før oss gjorde ved starten i 1932.

Altså ein 80-åring i full vigør!


Foto av laget i 1932:

Frå venstre bak: Holger Aresvik, Aure, Ola Kallset, Torjulvågen,  Ivar R. Eide, Eide, Sigurd Øverås, Dale, Nils Storvik (Sande)?, Tore Hoås, Sunndal, Gunnar Kallset, Bøfjorden, Reidar Øverås, Dale, Erik Almhjell, Sunndal. Framme frå venstre: Jon I. Holten, Surnadal,  Ingrid Eide, Eide, Reidar Hilstad, Kristiansund.

Foto av laget i 2012:

Magnar Almberg, Rindal, Arnstein Brevik, Aure, Tor Erik Jenstad, Trondheim/Sunndal, Elisabet Røyset, Surnadal, Torgeir Bergfald, Aure, Helga Eikrem, Tingvoll, Lars Bratseth, Aure, Rolf Kristian Holte, Trondheim/Sunndal, Alexey Kurbanov, Aure, Hilde Bergfald, Aure, Jonny Reitan, Tingvoll, Helge Husby, Tingvoll, Silje Osnes, Tingvoll, Åsta Andreassen, Aure, Solveig Sandvik, Aure, Peder Hønsvik, Aure, Grethe Bjerkan, Kristiansund, Daniel Dyrnes, Aure.