Samling for born og unge på Tingvoll hausten 2003


Aure kulturskule, Nordmøre spelmannslag og UL Ottar Birting i Tingvoll stelte i stand ei samling for unge spel- og dansinteresserte på Tingvoll laurdag 15. november.

35 unge i alderen 6 til 15 år var påmelde, men m.a. influensavirusen reduserte talet til 30. Det var unge frå Eide, Gjemnes, Tingvoll, Sunndal, Halsa og Aure. Målsettinga til arrangørane var å vere med å gje unge på Nordmøre eit høve til å bli med i eit skapande miljø. Mange er elevar i kulturskulane, og er alt i dag med i ulike miljø i nordmørskommunane. Likevel er mange einslege med sitt instrument og si interesse, og for desse har arrangørane lagt til rette for å skape ei samling i fellesskap. Arrangørane føler eit stort ansvar for å formidle vår eigen nordmørske musikk og dans til dei unge. Det var utsendt invitasjon til alle kulturskulane på Nordmøre. I tillegg vart det utsendt invitasjon gjennom ungdomslaga, der det òg var utlagt informasjon på nettsidene til Nordmøre ungdomslag. Notar i 3 ulike nivå var sendt ut til kulturskulane og andre interesserte på førehand. Dermed kunne dei velge nivå og gå i gang med å førebu seg til samlinga.

Innføring

Samlinga starta med ei kronologisk innføring av spel/song og dans frå langdansen fram til lettispolkaen kom på 1950-talet. Dansarane frå ungdomslaget og spelmennene frå spelmannslaget tok denne innføringa. Magnar Almberg frå Nordmøre spelmannslag kunne også vise dei frammøtte at vi har ein songskatt som òg er verd å ta vare på. "Tordivelen satt på skjerrengkrok" frå Rindalen song han som eksempel på dei mange barnevisene vi har. Nordmøre er i ei særstilling når det gjeld songtradisjon her i landet, spesielt når det gjeld bevarte religiøse folketonar.

Kurs i 3 felegrupper

Etter ein god gryterett, som dansarane i UL Ottar Birting serverte, gjekk deltakarane rett i dei ulike gruppene. Feleelevane var oppdelte på 3 ulike nivå, der dei "ferskaste" og yngste var på gruppe A. Instruktør var Helge Husby, som var svært nøgd med framgangen på elevane sine. "Pariserpolka i Tustna-form" vart glansnummeret, der gitarist og kontrabassist frå Nordmøre spelmannslag støtta opp. Da vart det artig å spele! For å bli friare i spelet, er det neste å kaste notane så raskt som råd. Og det var alt fleire som klarte seg uten notane alt på sjølve kursdagen.

I mellomgruppa stod Torgeir Bergfald for instrueringa, der dei kunne bryne seg på litt vanskelegare slåttar. "Slåtten hass Jo Polla", ein polka med støyt, gjekk så det susa med dei litt vidarekomne. Det var litt vandring mellom B- og C-gruppene, og instruktør i C-gruppa, Oskar Johansen leia dei vidarekomne med repertoar i f-dur/b-dur og "Sørgmodig vise" etter Hallvard Ørsal i g-moll. Men ungdom viser at det meistrar det!

Kurs i trekkspel


Trekkspelgruppa, med Ola Tronsgård som instruktør, lærte inn ei rekkje nordmørsslåttar i tillegg til reinlenderen "Styggen på låven", som er ein mykje brukt kursmelodi frå Inn-Trøndelag. Dei fekk trykk på både den etter kvart så kjende "Tustnapolka" og "Vals etter Lars Østbø". Trekkspelgruppa og Nordmøre spelmannslag utgjorde eit orkester som det stod respekt av!

 

 

Kurs i dans

Dansegruppa var leia av medlemmar frå UL Ottar Birting: Liv Gjørsvik, Rune Hanem og Kirsty McKinnon. På kort tid lærte kursdeltakarane fleire dansar, m.a. vår lokale polsdans, som er bevart m.a. i Todalen og i Aure. Ein imponerande motivasjon til læring som ein kvar grunnskulelærar ville vorte misunnelege for!

Den siste timen vart det framsyning frå dei ulike gruppene. Høgdepunktet og egentleg meininga med det heile, var når unge spelte for unge, sammen med dei "eldre" frå spelmannslaget. Arrangørane vil følgje opp denne positive samlinga, så nordmørsungdom kan gle seg framover etterjulsvinteren!